Retningslinjer for bruk av opplæringsfond
Retningslinjer for bruk av Norske Landbrukstenester sitt opplæringsfond.
- Det er årsmøte til Norske Landbrukstenester (NLT) som løyver midlar til fondet. Storleiken på fondet vil variere ut frå NLT sin økonomiske situasjon.
- Bruken av opplæringsfondet er avgrensa til maks kr. 200.000,- pr. år.
- Opplæringsfondet kan brukast til delfinansiering av opplæring for tillitsvalde og kontortilsette i medlemslaga.
- Tilskot vert gitt til kortare kurs/møter.
- Tilskot.
- Innafor årleg disponibelt beløp kan det ytast støtte for inntil 50 % av kurset/møtet sin endelege kostnad, etter at andre tilskot og inntekter er trekt frå.
- Reisekostnader vert ikkje dekka.
- Søknad om tilskot skal vera skriftleg og sendast til NLT minst 1 månad før kurs/møte vert halde. Søknaden skal innehalde ei kort orientering om kurset/møtet, innhald/program, førebels budsjett og namn på tilskipar. Tilskipar skal straks ha melding frå NLT om kurset/møtet vil bli godkjend eller ikkje.
- Når tilskipinga er ferdig skal NLT ha tilsendt eit enkelt rekneskap, samt oppgåve over deltakarar. Tilskotet vert utbetalt i etterkant, men berre til kurs/møter som er godkjende på førehand.
- NLT kan nytta opplæringsfondet til å finansiere kurs for medlemslaga, arrangert i eigen regi.
Retningslinjene er vedtekne i styret 13. september 2008.


