WTO - for fattig eller rik?
Kunne det ikkje vera så enkelt i verda at forhandlingane i World Trade Organisation (WTO) handla om å skapa handelsordningar som gjer livet lettare for fattigfolk sør og aust på kloten? At alt strevet var sett i verk for å skapa større rettferd i verda! Då kunne vi alle heia på forhandlarane og ønskja dei lukke til på ferda.
Les vi leiarane i Dagens Næringsliv er det nettopp dette det står om: Ein friare verdshandel vil gje afrikanarane eit liv i velstand og lukke. Der i garden, altså i DN-redaksjonen, har dei også skaffa seg den oppfatninga at det i hovudsak er norske bønder - og norske handelsinteresser - som står i vegen for at afrikanske bønder skal få det betre. Ei avvikling av den norske bondestanden vil opna den norske marknaden for mjølk og honning og kjøt frå den fattige afrikanske landsbygda. Slik er det med den saka.
Les alt her


