Må vera eit felles ansvar
Når konsekvensane av denne politikken blir synleg, fordi kulturlandskapet ikkje blir vedlikehalde som før, svarar den same staten med at no må det innførast ei ny avgift slik at det blir pengar til å gjera den jobben som generasjonar før oss har utført gratis.
Dette er sett litt på spissen, men ikkje mykje. Det kan nemleg ikkje tolkast på nokon annan måte når Fylkesmannen og Aurland kommune inviterer til å oppretta eit sokalla kulturlandskapsfond i Aurland kommune. Dette nye fondet har dei tenkt å finansiera gjennom ein ekstra turistskatt, kall det gjerne verdsarvskatt. Det er dei mange hundre tusen turistane som vitjar dette området kvart år som skal fylla opp fondet. Reint praktisk og konkret er det snakk om å auka prisen på kvar einaste hotellovernatting i Aurland med nokre verdsarvkroner.
Les alt her


